Debatt ● Kjersti Toppe (Sp)

Rett å justere masterkravet

Eg meiner det er rett å justere ned masterkravet, og i all hovudsak er det to årsaker til det, skriv tidlegare barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Det er faktisk feil at berre dei som vil ha eit altomfattande masterkrav, er opptatt av kvalitet i barnevernet, skriv forfattaren.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Alexander Skadberg skriv det eg tenker i sitt innlegg om mastergrad i barnevernet (Khrono 22.4). Også eg er glad for at regjeringa vil redusere på masterkravet. Skadberg har heilt rett i at eit einsidig fokus på akademisk utdanning risikerer å ekskludere mange viktige fagpersonar som vi faktisk treng i morgondagens barnevern. Når Høgres Kari-Anne Jønnes er «forbanna på vegne av barna» (Khrono, 14.4), er det ganske drygt å høyre.

For når regjeringa som Senterpartiet var ein del av sat ned Institusjonsutvalet i 2023, var Ungdomsutvalet der svært tydeleg på kva kompetanse dei meiner er viktig å ta vare på i barnevernet. Dei syntest det var viktig med vaksne som barna kunne identifisere seg med, som var gode rollemodellar.

Sjølv om dei fleste er einig i bachelorkravet på institusjon, er tilbakemeldingane også der at det forsterkar ein eksisterande tendens med lite mangfald blant tilsette. Direktoratet peikar sjølv på i sin kompetanseutgreiing at innføring av masterkrav i barnevernstenestene vil føre til enno lågare mannsandel (Bufdir 2019). Dette er vel ikkje greitt, i ei teneste med svært høg kvinnedel?

Institusjonsutvalet føreslo at det måtte etablerast praksisnære deltidsutdanningar, og auka moglegheiter for personar utan formell kompetanse med relevant erfaring som er særleg godt egna. Også profesjonsrådet var einig i dette. Så kvifor denne forbannelsen, Høgre? Det er faktisk feil at berre dei som vil ha eit altomfattande masterkrav, er opptatt av kvalitet i barnevernet.

Eg meiner det er rett å justere ned masterkravet for det kommunale barnevernet. I all hovudsak er det to årsaker til det. 

For det fyrste vil dagens krav ikkje vere mogleg å gjennomføre. Masterkravet slik det er forma ut, vil gjelde i gjennomsnitt 80 prosent av alle dei tilsette i det kommunale barnevernet. For mindre kommunar, som det er flest av, vil det bety at 100 prosent av alle tilsette i det kommunale barnevernet etter 2031, må ha master. Lykke til med den rekrutteringa! 

Mens andre velferdstenester, som i helse, går andre vegen og spør etter breiddekompetanse og arbeidsdeling, skal ein altså gå andre vegen i barnevernet.

For det andre er det uansett feil å lempe sosionomar og barnevernspedagogar over rekka og seie at dei må finne andre arbeidsplassar. At vi liksom ikkje har bruk for dei lenger i det kommunale barnevernet. Det er som å kaste barnet ut med badevatnet. 

Helsepersonellkommisjonen viste jo korleis alle tenester vil ha rekrutteringsutfordringar i åra som kjem. Vi treng folk med master i barnevernet, men ikkje berre med master! Eit trygt og godt barnevern treng at dyktige sosionomar og barnevernspedagogar fortsett skal kunne arbeide for og blant barn og familiar med sin kompetanse og erfaring.

Dette er etter mitt syn nettopp å ta barn og familiar på alvor. Auka kompetanse i barnevernet må vi sikre, men det kan gjerast på andre måtar enn å kaste ut bachelorutdanna frå det kommunale barnevernet. Her håpar eg Stortinget ser heilskapen og støttar det framlagde forslaget, slik Senterpartiet kjem til å gjere.

Powered by Labrador CMS