Desse vil verta studiedirektør i Volda

Hilde Kristin Strand
høgskulen i volda søkerliste kortnytt

Studiedirektøren ved Høgskulen i Volda sa opp stillinga si sommaren 2024. Etter ein lang prosess, der styret mellom anna stoppa utlysing av stillinga, er det no klart kven som ønskjer å verta studiedirektør:

1. Elisabeth Welle, (57) – Studieleiar for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda

2. Ingrid Sylvia Renberg, (48) – Rauma kommune

3. Dag Henning Reksnes, (61) – Direktør MatPrat/opplysningskontoret for egg og kjøtt

4. Bjørn Egil Gamlem, (47) – Konsulent

5. Oddvar Aalde, 51 – (PhD) stipendiat Høgskulen i Volda

6. Kjersti Markegård, (50) – Assisterande rektor

7. Ann-Kristin Eklund, (53) – Dagleg leiar

8. Kristin Monsen Lystad, (46) – Lektor med tillegg

9. Lise Ulstein, (56) – Wattn

10. Jan Terje Eidset, (50) – Assisterande rektor

11. Søkjar er ikkje offentleg, Kvinne, Ørsta.

Det er Møre-Nytt som skriv om søkjarlista. Dei skriv at tre av søkjarane har trekt seg, slik at det var 14 som melde interesse for stillinga.

Håkon Bø er i dag konstituert som studiedirektør ved Høgskulen i Volda.

Powered by Labrador CMS