Debatt ● heming h. gujord

Akademia i prøvetid

Det vi ser i USA, er ein hardare variant av noko vi har sett før. Derfor skal vi lære av fortida, skriv litteraturprofessor Heming H. Gujord.

Også generasjonane før oss måtte navigere og ta stilling til eit USA som ikkje alltid var så ope — heller ikkje i forskinga, skriv litteraturprofessor Heming H. Gujord. Biletet er frå ein demonstrasjon i samband med republikanarane sitt landsmøte i Milwaukee i juli 2024.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det vi lærte då vi tok ex.phil., gjeld ikkje lenger. Ikkje i USA. Forskinga skal ikkje vere fri, men underleggast kontroll frå staten. 

Direktør ved Bjerknessenteret, Kikki Kleiven, fortel at data som er nødvendige for å drive klimaforsking, no blir sletta frå opne databasar. Samarbeid om kjønnsforsking mellom UiB og University of Florida har blitt avslutta. Ord som bias, mangfald, etnisitet, ekskludering, kvinneleg og endåtil kvinne har brått blitt problematiske. Eg gnir meg i auga, men før eg før summa meg, har Trump flytta fokuset til tollkrig — nei vent litt — no er det visst tollpause.

Det er noko heilt nytt. Eller forresten: Det er heilt nytt at det skjer så systematisk og for open scene. Men også generasjonane før oss måtte navigere og ta stilling til eit USA som ikkje alltid var så ope — heller ikkje i forskinga. 

Ein av mine akademiske forfedrar ved UiB, litteraturprofessor Harald Noreng (1913—2006), fekk tidleg i karriera tilbod om ei stilling ved Scandinavian Department, University of California, Berkeley. Noreng ville gjerne ha stillinga. Det var berre eit problem. Dei ville ha han til å skrive under på at han aldri hadde vore medlem av eit kommunistisk parti. Dessutan måtte han garantere at han aldri ville undergrave regjeringa i USA. Noreng nekta å skrive under. For å sitere ein annan av mine forfedrar, Asbjørn Aarseth: «Noreng verken var eller hadde vært kommunist, men her var det tale om prinsipper. Dermed ble det ingen amerikansk universitetskarriere.» Og slik fekk vi i staden ein strålande litteraturforskar ved UiB.

Sigmund Skard (1903—1995) er ein annan avliden forskar vi no kan lære av. Under krigen var Skard i eksil i USA der han arbeidde for den amerikanske informasjonstenesta i Office of War Information. Skard gjorde eit godt arbeid under krigen. Og etter krigen fekk han tilbod om å bli den første professoren i amerikansk litteratur ved UiO — og det utan at han hadde studert engelsk eller forska på engelskspråkleg litteratur. Under normale vilkår hadde ikkje Skard fått stillinga. Men Skard var ein gåverik forskar, skaffa seg dei rette kvalifikasjonane og blei ein retteleg gründer av American Studies i heile verda. 

langt er dette både vel og bra. Men då Skard såg seg tilbake etter at han hadde gått av for aldersgrensa, såg han at arbeidet hans for innføringa av Amerikastudiet hadde hatt ei slagside: «My book also had a pronounced political bias when it came to the image of America, and of America’s role in the world,» skreiv han sjølvkritisk.

Og med ordet bias er vi brått tilbake i vår eiga samtid. For nettopp bias er eitt av orda som Trump-administrasjonen no har sett på indeks og helst ser fjerna frå akademisk verksemd. I ettertankens lys såg Skard at han — som hadde arbeidd for USA under krigen — også kom til å arbeide for USA etter krigen, som ein slags agent i deira verksemd for å utøve mjuk makt eller soft power. Og for å sette ord på desse mekanismane, trong han ordet bias. Det skal altså forskarane ikkje lenger kunne bruke fritt. Slik strammast nettet, både for klokskap i sanntid og for rasjonalisering i ettertid.

Mykje er nytt i USA under Trumps andre periode i presidentstolen. Men som historiene om Noreng og Skard viser, er mykje også ein hardare variant av slikt som vi har sett før. Derfor skal vi lære av fortida. Mange studentar og forskarar vil heilt sikkert bli stilte overfor val og utfordringar som liknar på dei som Noreng og Skard møtte i ei anna tid. 

Det er då Akademia, og vi som arbeider og studerer i Akademia, blir sett på ei verkeleg prøve. Akademia har til alle tider vore best i klassen for meritokrati, i konkurransen om å bli den beste forskaren og det beste universitetet. No handlar det om å vise at vi også kan vere best i klassen når det handlar om demokrati. 

Skal vi tilpasse oss til vilkåra og bruke moglegheitene som kan opne seg, ein for ein? Eller skal vi vere prinsipielle og handle slik som vi meiner er rett ut frå klassiske akademiske verdiar? På papiret er valet enkelt, men når det kjem til praksis, vil det heilt sikkert bli vanskeleg for mange. 

Sigmund Skard fann ut at han hadde vore biased i høve til USA, men då var han blitt pensjonist. Columbia-universitetet stod aleine og gav etter for presset frå Trump-administrasjonen. Korleis vi består prøva, handlar ikkje om kva vi gjer ein for ein, men om kva vi greier å gjere saman. For samanslutningar og fellesskap, det likar dei ikkje, verken Trump eller Musk eller dei andre som no svingar pisken over Akademia og offentleg sektor i USA. Nettopp no lever Akademia i ei prøvetid. Og nettopp no er det viktigare enn nokon gong før at Akademia står til eksamen.

Powered by Labrador CMS