studentombod

Meiner ho har dei dårlegaste ramme­vilkåra 

Studentombod Lene Loy har ansvar for nærare 22.000 studentar fordelt på seks campusar og to høgskular. — I fjor var eg fire gongar i Volda. Det var det eg hadde råd til, seier ho.

Lene Loy har jobba vel eit år som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, og fungerer òg som studentombod for studentane ved Høgskulen i Volda. Ho skulle gjerne hatt høve til å reisa meir rundt til alle campus enn ho har i dag.

Å ha eit studentombod er ei lovbestemt oppgåve. Men det er ikkje noko krav om at alle studentar skal ha fysisk tilgang til eit studentombod, og det er heller ikkje noka grense for kor mange studentar eitt ombod skal ha ansvar for.

«Underteikna har dei dårlegaste rammevilkåra blant studentomboda i Noreg», skriv Lene Loy i årsrapporten for studentombodet ved Høgskulen i Volda (HVO).

HVO gjer som mange andre mindre høgskular: Dei deler studentombod med ein større høgare utdanningsinstitusjon. Det betyr at Loy, som er tilsett som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, òg har ansvar for dei om lag 4.600 studentane i Volda.

Reell verdi?

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har om lag 17.000 studentar fordelt på fem campusar. 

I årsrapporten for HVO heiter det at Loy nyttar om lag tjue prosent av tida si på den høgskulen. Det betyr at ho har åtti prosent stilling igjen, som skal brukast på HVL sine studentar. 

— Kva meiner du med at du har dårlegast rammevilkår?

— Det handlar om kor mange studentar ein har ansvar for, lønsvilkår, kva budsjettmidlar ein har, kor mykje reiseverksemd stillinga krev, og kva autonomi ein har, seier Loy.

Ho viser til HVL sin næraste utdanningsinstitusjon: 

Universitetet i Bergen (UiB) har om lag 21.000 studentar, og to årsverk knytt til studentombodsrolla. I årsrapporten for 2023 tok studentombodet ved UiB opp at det var naudsynt med meir ressursar, og frå hausten 2024 var ombod nummer to på plass. Omboda ved UiB har òg ansvar for Norges Handelshøyskole og Bergen Arkitekthøgskole og Fagskulen Vestland. Desse tre har totalt vel 6.000 studentar.

OsloMet har òg auka kapasiteten og har no halvanna årsverk på om lag 22.000 studentar. Dei tre universiteta som er med i Vinst-alliansen saman med HVL, har alle færre studentar enn HVL, men like stor studentombodsressurs.

— Spørsmålet er om ein ser på eit studentombod som eit naudsynt vonde eller noko som har ein reell verdi, seier Loy, og viser til at det ved HVL har vore eit problem med stor turnover i stillinga.

— Eg har eit budsjett på 75.000 kroner som skal dekka både reise, kurs- og kompetanseheving, utgifter til promotering, og for dei pengane skal eg òg koma meg rundt til seks campusar og i tillegg reisa på møte i ymse nettverk. I fjor var eg fire turar til Volda, det var heilt på grensa til kva eg hadde råd til.

Mange er ferske

Som Khrono nyleg har skrive, er det fleire studentombod som ropar varsku om måten utdanningsinstitusjonane møter studentane på. Det handlar om både innkallingar og møtesituasjonar og det handlar om manglande svar når studentar tek kontakt og om at det er vanskeleg å få treffa eit levande menneske.

Skikkasaker, som òg var tema då både studentombod og andre møttest i Trondheim i haust, er noko av det som uroar dei.

Torill Valberg, som har vore studentombod ved UiT Noregs arktiske universitet i ti år, sa nyleg til Khrono at det er ved løpande skikkavurdering og varsling at studentane står svakast.

— Då vert studentene kalla inn til møte og får dårleg informasjon på førehand. I varslingssaker vert studentar kalla inn til eit møte, og må møta opp utan at dei får vita kva varselet er og når det skjedde, sa ha.

Valberg er eit unntak. Fleire av studentomboda som har levert årsrapportar tidleg i 2025, har gjort det for aller første gong.

Lene Loy kom frå utsida av akademia i januar 2024. Ho har jobba i Bergen kommune i mange år og har òg ein master i konflikthandtering.

— Eg meiner det er viktig at ein har tilsette med tung erfaring i stillingane som studentombod, seier ho.

Nyleg fortalde ho til Khrono at ho fleire gongar har teke ordet i møte der ho har vore med som støtte for studentane. Studentombodet skal vera upartisk, men Loy har til dømes bede om presisering av omgrepa som vert brukte. Kva betyr til dømes «mange»?

— I slike møte treng ein ein god porsjon mot, seier ho.

Ein digital institusjon

Høgskulen på Vestlandet har svara skriftleg på Khrono sine spørsmål. Dei ønskjer ikkje å kommentar det Loy seier om at ho har dei dårlegaste rammevilkåra i sektoren.

I ein e-post sendt frå kommunikasjonsavdelinga ved høgskulen heiter det at HVL er ein institusjon der mykje av kommunikasjonen går digitalt mellom campusar, og at det òg gjeld i arbeidet til studentombodet. Men høgskulen legg til:

— Det er viktig at studentombodet er til stades på campusane våre med jamne mellomrom. HVL har tilpassa reisebudsjettet etter korleis aktiviteten har vore, og me vil gjera justeringar også i det vidare, skriv avdelingsleiar for kommunikasjon, Svein Ove Eikenes.

Eikenes skriv vidare at Høgskulen i Volda får faktura ein gong i halvåret på dei tjue prosenta av stillinga som skal brukast på Volda-studentane. Studentombodet har dei same oppgåvene ved begge dei to institusjonane.

— Kva gjer de for å unngå gjennomtrekk i stillinga som studentombod?

— Prorektor for utdanning og personalleiar har faste møte med studentombodet og dialog ved behov. Studentombodet er no også blitt ein del av eit fysisk kollegium med andre tilsette som arbeider med rettleiing av studentar. Studentombodet er med som observatør både i HVL sitt utdanningsutval og læringsmiljøutval, og har her ei viktig rolle, svarar Eikenes. 

Powered by Labrador CMS