trump

Trump-alliert advokat går etter vitskapelege tidsskrift

Trump-alliert statsadvokat skuldar medisinske tidsskrift for å vere partiske. Fleire forskarar tolkar det som ein trussel.

Advokat Edward Martin er støttespelar og tilhengar av Donald Trumps politikk.

Edward Martin Jr. er statsadvokat (U.S. attorney) i hovudstaden Washington D.C. No har han sendt brev til medisinske tidsskrift med krav om at dei svarar på ei rekke spørsmål innan 2. mai. 

Han blir av The New York Times omtalt som ein Trump-alliert «republikansk aktivist», som har fått kritikk for å bruke embetet sitt til gå etter kritikarar av Donald Trump.

I brevet kjem ham mellom anna med skuldingar om at tidsskrifta er partiske i vitskapelege diskusjonar. 

Tidsskriftet Chest, som blir gitt ut av den amerikanske foreininga for lungelegar og -forskarar.

Lungelegar

Blant spørsmåla han forlanger svar på er, «kan bidragsytarane ha ført lesarane bak lyset?». Han vil også ha svar på om dei er opne om påverknad frå ulike hald. 

Ein av publikasjonane som har fått brevet, er Chest, eit tidsskrift for lungelegar og -forskarar i USA. Den amerikanske organisasjonen for lungelegar som gir ut tidsskriftet, har ifølgje NBC News 22.000 medlemmer.

New York Times skriv at dei i tillegg har fått stadfesta at minst to andre medisinske tidsskrift har mottatt brev med tilsvarande innhald. Ingen av redaktørane har ønskt å kommentere breva. 

Ifølgje avisa ser enkelte forskarar og legar på brevet som ein trussel frå Trump og angrep på akademisk fridom. Dei fryktar at det kan ha ein «nedkjølande» effekt og føre til at publikasjonar blir meir forsiktige med kva dei publiserer.

Trua med søksmål

Advokaten vil også ha svar på kva rolle National Institutes of Health (N.I.H.) har i samband med publiseringa av artiklane i tidsskriftet. 

N.I.H, som finansierer ein stor del av den statlege helseforskinga i USA, er allereie sett under press av Trump. 

Helseminister Robert F. Kennedy har tidlegare trua med å saksøke medisinske tidsskrift for det han meiner er løgner og for å konspirere med legemiddelindustrien.

Powered by Labrador CMS