Styremøte

Høgskulen på Vestlandet skal drøfta flytting av studieplassar

Eitt fakultet har mange ledige studieplassar, eit anna fyller alle sine. Styret ved Høgskulen på Vestlandet skal drøfta prinsipp for dimensjonering av studieportefølje når det har møte 24. april. 

Ein god del av pengane universitet og høgskular får, er knytt til studiepoengproduksjon. Men kva gjer ein når eitt fakultet produserer mindre enn forventa? Og eit anna eigentleg treng fleire studieplassar? Det skal styret ved Høgskulen på Vestlandet drøfta.

— Det grove biletet er at to fakultet har mange finansierte studieplassar som ikkje er fylt med studiepoengproduksjon. Eitt fakultet fyller tilnærma alle tildelte finansierte studieplassar med studiepoengproduksjon. 

Det heiter det i styrepapira til Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt styremøte 24. april.

HVL skal no gjera det fleire andre universitet og høgskular allereie har gjort: Avgjera om dei kan ha studieplassar ståande tomme, eller om dei må gjera endringar i studieporteføljen sin.

Styremøtet ser du direkte her torsdag frå klokka 10.

Negativ utvikling

Det er to punkt som særleg skal drøftast i møtet:

Aktivitetsutvikling og kva prinsipp og grunnlag avgjersler om dimensjonering av studieporteføljen skal bygga på.

Figurar som ligg ved styrepapira viser at forholdet mellom basisfinansiering og faktisk studiepoengproduksjon varierer mykje mellom fakulteta. Studiepoengproduksjon heng saman med både rekruttering og gjennomføring, og figurane viser at det dei siste åra har vore ei negativ utvikling for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. I 2024 var dette fakultetet under Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap, som har lege lågast når det handlar om studiepoengproduksjon.

Samla effekt av endra studiepoengproduksjon og studieplassar vil gi ein økonomisk nedgang på 22 millionar kroner for Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett i 2026.

Skal prioritera helsefag

Som Khrono har skrive før, har opptil fleire statsrådar gjort det klart at universitets- og høgskulesektoren ikkje kan rekna med å få meir pengar i åra som kjem. Beskjeden var klar då tildelingane for 2025 vart kjende på tampen av 2024: Ein skal prioritera helsefag, IT, lærarutdanningane og område som er særleg viktige for det grøne skiftet. Dette kan føra til at kapasitet må andre område må nedprioriterast.

Og dersom ein ikkje har eit opptak og ein studiepoengproduksjon som svarar til forventningane, kan det verta aktuelt å flytta midlar mellom institusjonar.

Korleis få på plass ei ny utdanning? 

Universitetet i Stavanger har allereie vedteke å flytta femti studieplassar vekk frå lærarutdanninga, og ved Høgskulen i Volda drøftar ein korleis ein skal få studieplassar til ei sjukepleieutdanning.

I saksframstillinga til HVLs tyremøte er det trekt fram ei konkret sak: Styret har sagt at Fakulutet for helse- og sosialvitskap skal greia ut om det er mogleg å få på plass ei bachelorutdanning i paramedisin. Det vil vera ei deltidsutdanning over fire år, med 40 studentar kvar haust. Etter nokre år vil det auka studenttalet føra til auka studiepoengproduksjon, altså meir pengar, men for å få på plass ei slik utdanning, treng fakultetet meir ressursar. Korleis skal ein gjera det? Økonomisk omdisponering eller flytting av basisfinansiering er eitt av forslaga som ligg i saka.

HVL-styret drøfta sak om strategiske prioriteringar i dimensjonering av studieporteføljen då dei hadde styreseminar i mars. I saksframlegget no kjem det fram at det kjem ei ny sak der det skal fattast vedtak, i juni.

Skal tilsetja fire leiarar

HVL-styret skal også tilsetja to dekanar og to prorektorar. I tillegg skal det få ei orientering om søkjartala. Begge desse sakene vert handsama i lukka møte.

Styret skal òg mellom anna drøfta sensurfrist og campusutvikling.

Heile sakslista finn du her.

Powered by Labrador CMS