JUBILEUM

Denne veka har Universitetsmuseet i Bergen bursdag.

Hagefesten i samband med feiringa av Universitetsmuseet i Bergen kjem i historiebøkene til å bli omtalt som ein suksess.

Feira to hundre år, men ikkje med måte

Publisert Sist oppdatert

Universitetet i Bergen, grunnlagt i 1946, jubilerte med sine 75 år i 2021. 

Men i Bergen let ingen sjansen til ein fest gå ifrå seg.

Så e' det på an i igjen!

Det er dessutan gode grunnar til å markere at museet, det som i dag er ein del av universitetet, er heile 200 år gammalt i år. Utan denne kunnskapsinstitusjonen hadde det kanskje heller ikkje blitt noko universitet.

Kake.

Det høyrer med til ei bursdagsfeiring, og folket liker kake, eit faktum som lett kunne verifiserast med eit blikk på ein om lag kvart kilometer lang kø for å sleppe til i Musehagen fredag ettermiddag.

Det skulle vere nok til om lag 1200 gjester, og det kunne verke som det blei nok, nesten.

Hektisk for Trine Steensæth Pedersen og Laurice-Solveig Høie i kakedisken. Dei venta i det lengste med å partere sjølve museumsbygningen og den skrekkslegne hubroen, maskot for Universitetet i Bergen.

Museet blei grunnlagt av stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie i 1825, 11 år etter at han var med å signere Noregs første grunnlov på Eidsvoll i 1814. I dei neste meir enn hundre åra var institusjonen ei drivande kraft i den vitskapelege utviklinga i den gamle bystaten Bergen og den nye nasjonen Noreg.

I dag er Universitetsmuseet, som ein del av Universitetet i Bergen, ein internasjonal forskingsinstitusjon med store vitskapelege samlingar innan kultur- og naturhistorie.

Blomar.

Det høyrer vel også med til ei bursdagsfeiring, og sidan grunnleggarane av museet hadde utsøkt sans for timing leverte blomane seg sjølv på bursdagen. Musehagen er på sitt vakraste og mest fargerike om våren, litt som bergensarane. Om våren er det dessutan alltid sol ute og i sinnet og blå himmel, nesten.

Fiff i tidsmaskin: Frå venstre universitetsdirektør Tore Tungodden, museumsdirektør Kari Loe Hjelle, rektor Margareth Hagen, statsråd Sigrun Aasland og Velte-Petter frå 1825.

Forresten, det er vel noko alle veit, nesten. Fridtjof Nansen har museet på CV-en. Her tok han utdanning, hadde sine formative år, som det heiter, og tok til og med doktorgraden, før han gjorde ein del andre greier han vart kjend for. Rett nok vart han noko kranglevoren med åra, han hadde som sagt sine formative år i Bergen, og blei ein ihuga motstandar av planane om å etablere eit Universitetet i Bergen.

Men som alle veit, nesten, er det gode grunnar til at det ikkje hadde blitt nokon Nansen utan denne sjansen, utan Bergen, og museet.

Ei ung, intellektuell kvinne, kanskje Nansens hemmelege elskarinne, kanskje ikkje, følgde fascinert med på 2025.

Fiff.

Det høyrer med, sjølv om, som Nansen illustrerer, det må balanserast opp mot andre omsyn. I Musehagen fredag hadde statsråd Sigrun Aasland reist heilt frå Austlandet for å skine om kapp med sola, nesten.

Dessverre måtte ho gå inn for å halde tale, saman med dei andre prominensane.

200-årsjubileum og hagefest i Bergen, og kø for kake.

Tilsynelatande utan ende glei folkestraumen mot kakebordet, og det var til slutt ikkje kake igjen, nesten, men festen er ikkje over, noko det altså er gode grunnar til. 

Dei neste dagane blir det fullt opplegg med arrangement, utstillingar, debattar med meir på Universitetsmuseet i Bergen.

 

Powered by Labrador CMS