samordna opptak
Fleire vil studera språk
Fleire av dei store europeiske språka kan melda om gode søkjartal. På landsbasis er det fleire førstevalssøkjarar til språkfaga enn i fjor.

— Me meiner at det er ekstremt viktig i ei tid som vår, med dei globale forholda ein har, at ein ser i retning av Europa og ser kor viktige dei store europeiske framandspråka er.
Det seier Martin Hollmann, dekan ved Fakultet for lærerutdanninger og språk ved Høgskolen i Østfold.
Høgskulen har gode søkjartal til tyskfaget både på heiltid og deltid og det same for fransk. Til deltidsstudiet er det over to førstevalssøkjarar per studieplass. Det er det også for engelskfaget. For tysk deltid er det 42 søkjarar til 27 studieplassar.
Språkfag har ein oppgang på to prosent i talet på søkjarar når ein samanliknar tala på nasjonalt nivå, sa HK-dir-direktør Sveinung Skule då han presenterte årets søkjartal tysdag.
Dei digitale på topp
— Kjempegode fagmiljø og eit godt rykte, seier Hollmann som forklaring på søkjartala i Østfold.
Han fortel at språkfaga ved høgskulen har digital undervisning, og at ein difor trekkjer til seg søkjarar frå heile landet. Mange av dei er lærarar som ønskjer seg meir kompetanse.
Også Universitetet i Søraust-Noreg (USN) har gode søkjartal til både norsk og engelsk, som er faga dei tilbyr. Her er òg mange av tilboda digitale, og søkjarane er ofte tilsette i skulen.

— Det er gjerne godt vaksne søkjarar som veit kva dei vil, seier instituttleiar for Institutt for språk og litteratur, Jørn Varhaug.
Han seier at USN har klart å få på plass gode, digitale studieprogram. I tillegg har dei nokre utdanningar innan språk på campus som dei ser har ei anna studentgruppe.
— Dei siste par tiåra har nok språkfaga ved universitet og høgskular vore innretta meir mot den norske skulen enn før, og mindre knytt til nasjonsbygging. Men det er kanskje slik at me treng meir kompetanse på språk når språkmodellane kjem, trur Varhaug.
Aller øvst på 10 på topp-lista for språkfag finn ein årsstudium i norsk ved NLA Høgskolen. Der er det 109 søkjarar til 15 studieplassar.
— Hovudårsaka kan nok vera at det er eit nettstudium, som er veldig populære om dagen. Ei anna årsak er truleg at det har fått eit godt rykte, seier prorektor for utdanning, Amund Langøy, i ein sms til Khrono.
Ut i vidaregåande skule
Universitetet i Bergen (UiB) tilbyr mange etter- og vidareutdanningskurs i språkfag for lærarar. Men dei som har søkt via Samordna opptak, er studentar som vil ta eit årsstudium eller ei heil grad ved universitetet. Her har både dei fjerne språka, som japansk og kinesisk, gode søkjartal, og det same har nærare språk som fransk og engelsk.
— Me jobbar med å synleggjera relevansen av språkfaga, og er mellom anna ute i vidaregåande skule og fortel om språka, seier Martin Paulsen, instituttleiar ved Institutt for framandspråk ved UiB.
Han gler seg over at det nye studieprogrammet i arabisk har 40 førstevalssøkjarar til 15 studieplassar. Russisk har òg fleire søkjarar enn det er studieplassar, både ved UiB, ved Universitetet i Oslo og ved UiT Noregs arktiske universitet.
— Både russisk og arabisk er fag som hjelper ein til å forstå ei uroleg verd, seier Paulsen.
— Elles er europeiske språk særleg viktig. Dei gode søkjartala for fransk gjeld årsstudium. Ser ein på bachelorgrader, både i tysk og fransk, er det meir dystert. Men me ser at det er mange studentar som er interesserte i språk, men det varierer på kva måte.
Søkjartal språkfag 2025
Fag | Førstevalssøkjarar per studieplass |
Norsk NLA Høgskolen | 7,3 |
Norsk deltid USN | 5,6 |
Norsk USN (Bø) | 5,3 |
Engelsk deltid USN | 4,7 |
Spansk USN | 3,3 |
Spansk deltid USN | 3,2 |
Norsk tegnspråk årsstudium NTNU | 3,1 |
Arabisk språk med Midtaustens historie UiB | 2,7 |
Fransk årsstudium UiB | 2,8 |
Engelsk HVL | 2,5 |
Kjelde: Samordna opptak
Færre søkjarar enn studieplassar
Det Paulsen seier om bachelorgradene, ser ein ved fleire universitet og høgskular. Det er ikkje dei reine bachelorgradene som har flest søkjarar, mange av dei har færre enn éin førstevalssøkjar per studieplass.
Ser ein på lektorutdanningane, har både Universitetet i Agder, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo lektorprogram med språk som har fleire førstevalssøkjarar enn studieplassar.
Khrono har det siste året skrive fleire saker om nettopp framandspråka. I 2024 kunne Gerard Doetjes ved Fremmedspråksenteret ved NTNU rapportera om ein nedgang for framandspråka som har gått over fleire år, og han var uroa over lektorutdanningane.
Ein tydelegare profil kan vera nøkkelen, meinte han.
— Eg trur det vil verta fleire søkjarar dersom universiteta veldig tydeleg får fram kva profesjonar som kan vera ei moglegheit for dei som studerer språk.